...

Instruktørkurs  i teater

Noregs Ungdomslag ynskjer velkommen til kurs for teaterinstruktørar. Kurset er retta mot dei som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg. Instruktørkurset passar for alle som driv eller har lyst til å drive ei teatergruppe. Kurset er passar godt for alle som arbeider i kulturskolen eller i frivillige lag og grupper. Noregs Ungdomslag har lang erfaring i opplæring av instruktørar. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i det teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen.

Tid: 14. – 16. oktober (obs! kurset startar klokka 0900 fredag)

Påmeldingsfrist: 29. september (bindande påmelding), påmeldinga skjer via  www.ungdomslag.no

Kursstad: Rosenkrantzgt 8, Oslo   Lærar: Therese Kinzler Eriksen    

Kursavgift: 1500,- (medlem)/2300,- (andre). Inkl. kurs, lunsj og pausemat.

Spørsmål kan rettas til NU: 24 14 11 10 eller post@ungdomslag.no

Om kurset:

Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning.

Det er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Målet med opplæringa er å gi deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet. Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel om du har gått andre teaterkurs.

Om læraren

Therese Kinzler Eriksen har studert klaver ved Agder Musikkonservatorium og Drama- og Teaterkommunikasjon ved Høgskulen i Oslo. Sidan den gong har ho deltatt i fleire produksjonar som både pianist og skodespelar, og har dei siste åra turnert med Rikskonsertanes Peter og Ulven. Therese dirigerer også fleire kor, og er blant anna dirigent for det lekre mannskoret Oslo Fagottkor Therese har fleire gonger halde kurs i regi av Noregs Ungdomslag.

Beste Helsing

Teaterrådet i Noregs Ungdomslag

T: 24 14 11 10 (13)

Postboks 414 sentrum | 0103 OSLO

www.ungdomslag.no

...